Treningstider haust 2016

Postet av Flora Cykleklubb den 15. Okt 2016

Treningstider haust/vinter 16/17
Måndag  kl 1900 lang løpetur. Oppmøte klubbhuset v stadion. 
Tysdag  kl 1730-1900 intervalltrening på sykkelrommet. 
Torsdag kl 1830-2000 intervall/progressiv  trening på sykkelrommet. 
Fredag  kl 1800-1930 basistrening på Florø barneskole.(Oppvarmingsløp frå 1745). 
Søndag  kl 1800-2000 rolig sykling
Hugs: 
Inga trening eller bruk av dusj timen før fellestrening!!!
Hald orden, ikkje kast matavfall i bosset!!
Rydd syklane på "rett" plass om du flyttar på dei under eiga trening.
Vis hensyn til alle!!
Alle treningane er og lagt inn på kalenderen på heimesida.

0 Kommentar

Sunnfjord Dobbel 2016

Postet av Flora Cykleklubb den 18. Sep 2016

Sunnfjord Dobbel 2016 vart i dag runda av for 2. gong. Thomas Kristiansen Grønfur, vart ikkje overraskande, for sterk også i dag - og tok ein overbevisande samanlagtsiger. Grimelandsrunden vann han nesten 2 minutt føre nestemann, Lennart Nyhammer Hansen også han for FørdeCK. Robert Steindal, FloraCK, var i dag tredjemann. Atle Halvorsen(FloraCK), som i går sykla opp ramsdalsheia på under 17 minutt, hang i dag lenge på Kristiansen Grønfur, men fekk det for tøft på slutten og sykla tilslutt i mål til 4. plass. Blant kvinnene var Camilla Savland best og sykla på den solide tida 1.18.00. Gratulerer!. Komplett resultatliste kjem tilslutt i artikkelen.

Blant dei unge kan vi i dag skryte av innsatsen til mellom anna Marie Osland, Elida S. Solheim, Jonas Osland, Elias Husa, Sigurd Savland og Nicholas Grov som alle fullførte 2 rundar eller meir.
Arne Jacobsen, Stian Rønnekleiv og Medhani Abrham stilte og frå FloraCK i dag. Medhani, som var sterk på Trollrittet i går, hadde ikkje hellet med seg i dag og gjekk i asfalten på 1. runde etter ein punktering. Heldigvis fekk han ikkje anna enn skrubbsår og fullførte rittet.
Skryt til arrangementet til FørdeCK er og på sin plass! Vi satsar på å videreføre Sunnfjord Dobbel til neste år også!

Resultatliste Grimelandsrunden:


5 Rundar

1 Runde
1Thomas Kristiansen Grønfur1.10.05
Marius Reed28.11
2Lennart Nyhammer Hansen1.11.52
Lucas Reed28.11
3Robert Steindal1.12.08
Malene Reed28.11
4Atle Halvorsen1.12.23
Sverre Savland19.50
5Stig Savland1.12.51
Eivind Iversen42.30
6Roger Husa1.16.10
Eirik Avedal48.47
7Helge Løtuft1.18.00
Jonas Tjønneland23.03
8Camilla Savland1.18.00


9Stian Vallestad Alvær1.18.00
2 Rundar
10Ivar selvåg1.18.00
Elias Husa39.18
11Stian Rønnekleiv1.23.28
Sigurd Savland34.02
12Per Runne Hjelle1.23.38
Nicolas Grov39.54
13Marie Osland1.24.39


14Medhanie Abrham Daniel1.26.54


15Odd Bjarte Sølvberg1.30.06
3 Rundar
16Magnus Håheim1.30.06
Jonas Osland49.17
17Arne Jacobsen1.33.32
Elida Solheim52.20
18Anders Solheim1.35.09


19Belinda Solheim1.41.52



Resultatliste Sunnfjord Dobbel 2016 - Samanlagt



TrollrittetGrimelandsrundenSamanlagt Sunnfjord Dobbel
1Thomas Grønfur16.321.10.051.26.37
2Atle Halvorsen16.571.12.231.29.20
3Robert Steindal18.131.12.081.30.21
4Stig Savland17.361.12.511.30.25
5Roger Husa16.351.16.101.32.45
6Helge Løtuft19.011.18.001.37.01
7Camilla Savland19.391.18.001.37.39
8Ivar selvåg20.291.18.001.38.29
9Medhanie Abrham Daniel17.061.26.541.44.00
10Stian Rønnekleiv21.151.23.281.44.43
11Per Runne Hjelle21.541.23.381.45.32
12Marie Osland21.091.24.391.45.48
13Odd Bjarte Sølvberg24.171.30.061.54.23


Og kanskje mest imponerande - Fullført Sunnfjord Dobbel blant dei unge:
Elida Solheim
Sigurd Savland
Nicholas Grov
Jonas Osland
Sverre Savland
Eivind Iversen






0 Kommentar

Resultat Trollrittet 2016

Postet av Flora Cykleklubb den 17. Sep 2016

FørdeCK ryttar, Thomas Kristiansen Grønfur, stakk av med sigeren på Trollrittet 2016. Han viste prov på god form etter kragebeinskvilen og tok heim sigeren føre klubbkamerat Roger Husa. Atle Halvorsen, FloraCK, kapra 3 plassen rett føre "kometen" Medhani Abrham. Dei 3 fyrste sykla opp fjellsida på mellom 16 og 17 minutt. Sterkt. Sjå lenger ned i artikkelen for komplett resultatliste.

(Fotograf av vinnaren, Thomas Kristiansen Grønfur, var Marianne Langedal)

For kvinnene var Camilla Savland(FørdeCK) den sterkaste, føre Anette Hollevik(FloraCK). Savland sykla på ei tid under 20 minutt. Også det sterkt.
Blant ungdommen viste fleire at sykkelframtida i sunnfjord kan vere lys, då fleire vart oppservert i godt driv opp bakkane. Marie Osland og Elida Solheim blant jentene og trekløveret Erik Mossestad, Frode Langedal Aune og Jonas Osland er nok rett å nemne.



Minner og om at resultata frå Trollrittet er del 1 av Sunnfjord Dobbel, kor Grimelandsrunden, som går av stabelen i Angedalen i morgon kl 12.00, er del 2. Vi gler oss og håper mange møter!



Resultatliste:

1Thomas Grønfur16,32
2Roger Husa16,35
3Atle Halvorsen16,56
4Medhanie Abrham Daniel17,06
5Stig Savland17,36
6Robert Steindal18,13
7Jon Olav Leira18,38
8Helge Løtuft19,01
9Arild standal19,2
10Camilla Savland19,39
11Kristoffer Knapstad20,15
12Ivar selvåg20,29
13Erik Mossestad20,44
14Frode Langedal aune20,5
15Jonas Osland20,53
16Arthur Færestrand21,01
17Marie Osland21,09
18Stian Rønnekleiv21,15
19Per Runne Hjelle21,54
20Tore Øren21,56
21Leif Henning Solheim22,01
22Jens Petter Kjelsnes22,02
23Anette Hollevik22,04
24Ståle Brattelid22,23
25Martinius Grov22,4
26Elida Soleim23,15
27Sigurd Savland23,4
28Nicholas Grov23,4
29Odd Bjarte Sølvberg24,17
30Ole johnny Øvrebø24,18
31Sverre Savland24,36
32Leif Kapstad27,54
33Audun Ramsal29,03
34Frode Mossestad29,35







0 Kommentar

SKARSTEINSETRA OPP

Postet av Flora Cykleklubb den 30. Aug 2016

Unik motbakkekonkurranse der løpar og ryttar startar samtidig i Olden sentrum og konkurrerer om å kome først opp til Skarsteinsetra. Løypa er 4,6 km og har ei stigning på 400 høgdemeter. Underlaget er asfalt i knappe 2 km, deretter grusveg og traktorveg. Trimklasse. Konkurranseklasse frå 13 år. Mellomtid og spurtpremie. Godt premiert. Pengepremiar for løyperekord i både løp og ritt, dame og herre.

PRAKTISK INFORMASJON

Dato: 10. september 2016
4,6 km, 400 m stigning.
Påmelding:
Frist: 08.09.2016 kl 23:59
Påmelding til: Per Muri tlf 414 07 772, per.muri@enivest.net
Gje opp sykkel eller løp, klasse, fødselsår og klubb.
Påmelding trimklasse ved start.
Klassar:
Jente/Gut: 13-14 år

D/H: 15-17 år, 18-20 år, 21-29 år, 30-39 år, 40-49 år, 50-59 år, 60-69 år, 70+ Trimklasse utan tidtaking.

Start:
Olden sentrum mellom Bunnpris og Yris kafe.
Trimklasse utan tidtaking: kl 11.00 – 12.00
Sykkel/løp, J/G 13-14 år og klasse 70+ kl 12:30
Sykkel/løp, D/H 15 år og over kl 13:15
Startkontingent:
Trimklasse kr 100.
Familie trimklasse kr 250.
Konkurranseklassar J/G 13-14 år kr 100.
Konkurranseklassar 15 år og oppover kr 250.
Familie konkurranseklassar kr 350.
Etteranmelding for kr 100 i tillegg, seinast ein time før start.
NB! Lisens: Forsikringsordning som gjeld løpsklassane. Alle som ikkje har betalt heilårslisens til Norges Friidrettsforbund må betale eingongslisens i tillegg til startkontingenten. J/G 13-14 år: kr 20. Klassar 15 år og eldre: kr 30. Betalast saman med startkontingenten til Olden IL kontonummer 3770.20.32211.
Premiering:
Spurtpris kr 500 etter 1,2 km (Skarsteintunet). Gjeld for beste dame/jente, mann/gut i både sykkel og løp. Det vert ikkje delt ut spurtprisar dersom det skulle vere berre ein deltakar i klassen.
Løyperekordar kr 3.000. (Det vert ikkje delt ut prisar for løyperekordar i klasse J/G 13-14 år.)
Beste tid G/J/D/H kr 1.500.
Pokalar i kvar klasse, 1/3 premiering.
Medaljar til alle deltakarar i konkurranse og trimklasse.
Utrekkspremiar på startnummer.
Løyperekordar løp:
H: Helge Hafsås 22.40 (2012), D: Merete Helgheim 25.57 (2013), G13-14: Youri Van der Werve 26.25 (2013), J13-14: Kari Alsaker 38.04 (2014)
Løyperekordar Sykkel:
H: Erlend Eide 18.42 (2013), D: Ingrid Fjellestad 24.30 (2015), G13-14: Even Nesgård 24.38 (2013), J13-14: Ingen.

0 Kommentar

Klubb/informasjonsmøte

Postet av Flora Cykleklubb den 24. Aug 2016

  1. Styret i Flora CK inviterer alle medlemmer til klubbkveld på C-basen ved Flora Barneskole, tirsdag 30 august kl 1900. Det vært informasjon om haustens aktiviteter, Trollrittet og treninger med meir. Det vil bli servert pizza og brus. Helsing styret i Flora CK
PS! Vennligst gi oss et hint om du kjem. Slik at vi får bestilt nok pizza 🤗 (For dei som ikkje er på fb

0 Kommentar

Aktiv sesongstart i Flora Cykleklubb

Postet av Flora Cykleklubb den 9. Jul 2016

Flora Cykleklubbs mange medlemmer har vore godt representert i alt frå turritt, NM masters og triathlon i løpet av våren. Ein liten oppsummering er på sin plass.


Jølster rundt
Det som for mange var sesongstart var Førde CK sitt arrangement av Jølster rundt(90km), og årets utgåve var ein flott måte å starte på. Turen gjekk føre seg i nydelig solskinn og i gode vindforhald. Det resulterte i rekordfart i feltet. Fire ryttarar gjekk tidleg i brudd(Kristiansen Grønfur, Tjønneland x2(alle frå Førde CK) og Sekse frå Sogn CK) Dei haldt eit imponerande høgt tempo og haldt heile vegen inn til ny rekordtid på 1t og 58min. Vel trødd. Ein stor kontigent frå Flora CK på heile 13 syklistar(!) stilte til start og fullførde med bravur. Anne Grethe Sandvik vart beste deltakar frå klubben, med sin 2. plass i kvinneklassa. Ellers er det verdt å merke seg at Daniel Medhani, årets halvmarathon vinnar under Rett Vest, gjennomførte sitt første sykkelritt nokon sinne og kom i mål på fine 2t og 17min!


Bergen - Voss
Det gode været frå Jølster rundt haldt seg og heile 12 ryttarar frå Flora CK stilte til start på den 170 km lange vestlandsklassikeren Bergen - Voss. Ein fantastisk flott tur og oppleving for alle startande frå klubben. Geir Kristiansen krona klubbens markante tilstedeværelse med å vinne sin aldersklasse på imponerande 4t 17min, berre 5 min bak rittvinnarane i mål. Vi gratulerer!
Ellers er det verdt å merke seg at Rune Horgen stilte til start for 25 gang og fekk fortent diplom og annerkjenning av arrangør. Rune er ein markant skikkelse i klubben og fortener skryt for alt arbeidet han legg ned kring trening og organisering. Så vel fortent diplom var det!


Ålesundtempoen, Ålesundrittet, Fana 3-dagers og NM masters
Geir Kristiansen er framleis klubbens mest aktive ryttar, og har vore klubben sin einast deltakar i Ålesund, Fana og under NM masters. At han no konkurrerer i klassa 50-54 år gjer resultata enda meir imponerande.
Han vann han Temporittet i Ålesund(30 km) i sin aldersklasse, og vart nr 4 fire totalt.
Dagen etter vann han sin aldersklasse under Ålesundrittet, og heller ikkje då var han langt bak totalvinnaren i mål.
Under Fana 3-dagars fortsette han å vinne sin aldersklasse dei ulike dagane, men kanskje viktigare var at han fekk vist at han framleis er lei å bli kvitt i bakkane då langt yngre ryttarar prøvde riste han av, var han ikkje god å bli kvitt! At Geir framleis held det nivået han gjer er inspirerande for oss andre i klubben!
Under NM masters vart han ikkje krona norgesmester ved dette høve, men resultatlistene viser at avstanden opp var marginal.
Geir sjølv seier at å vere attende i sykkelmiljøet å konkurrere etter eit kvileår er som å kome heim! Vi har nok fleire gode resultat i vente.

Nordfjordrittet
5 stk frå Flora CK deltok i år på Nordfjordrittet(125km). Geir Kristiansen(3t 33m) viste seg igjen som den sterkasta frå klubben, men vi legg og merke til at Daniel Medhani(4t 5m) fortsett sin fine framgang og viser sin gode kapasitet i bakkane. Ellers ser vi og at Atle Halvorsen framleis held høgt nivå, sjølv om han sjølv synes det gjekk litt trått i under årets Nordfjordritt. Lars Reksten var uheldig og punkterte og mista dermed følgje med Are Bruåsdal som gjennomførte på respektable 4t 16 min.


Nibberittet
1500 høgdemeter fordelt på 21 km, er det Geiranger byr syklistane på, forutanom ei spektakulær utsikt og naturoppleving av dei sjeldne. Anne Grethe Sandvik frå Flora CK lot seg freiste og sykla dei 21km frå fjord til fjell på 1t 45min. Det heldt til ein 10 plass blant kvinnene, vi gratulerer.

Triathlon
Sunnfjord Triathlon har vist seg å vere vegen inn til triathlon for både Robert Steindal og Sigurd Haugerud. Dei deltok begge under årets arrangement i Naustdal og gjennomførte lang løype(1500svømming, 40km sykling og 10km løp) på henholdsvis 6. og 12. plass.
Etter det gjekk turen vidare sørover for å prøve seg på Ironman 70.3 Haugesund(1900m svømming, 90km sykling og 21,1km løping). Gjennomføringa gjekk fint og dei fullførde på henholdsvis 4t 51min(Robert) og 5t 22min(Sigurd). Arrangementet var særs proffesjonelt og gav i høgste grad meirsmak.


0 Kommentar

FloraCK involvert i sykkelulykke søndag 08.05.16!

Postet av Flora Cykleklubb den 9. Mai 2016

Som dei fleste har fått med seg så har det vore ei ulykke ved Eikefjorden med fleire syklister involvert. Kan bekrefte at det dreier seg om ei gruppe fra FloraCK. Det var ikkje andre køyretøy eller personer involvert. Skadeomfanget leser dokke om i nettaviser. Resten av gjengen er i bra fysisk forfatning, men sjølvsagt veldig prega av hendinga.

Vi innkaller herved til felles klubbmøte for å snakke om hendinga, ved Klubbhuset (stadion) i morra mandag kl 18.
Mvh Jens Petter Kjelsnes
Leiar FloraCK
Tlf 91511312

Artikkelen vil bli oppdatert seinare i dag.
http://mobil.firdaposten.no/…/fire-syklistar-e…/s/5-16-94114


0 Kommentar

Den store sykkeldagen!

Postet av Flora Cykleklubb den 23. Apr 2016

Så var Den store sykkeldagen endeleg her! Det vart ein skikkeleg flott dag for alle som tok turen til Torget i Florø Sentrum. At dei eller den som styrer vêret hadde ein god dag på arbeide og la forholda til rette, med solrikt opphaldsvêr, gjorde det heile til ein fryd!

Aktivitetane var mange og vellukka! Smila sat laust på andleta, anten dei gjorde rebusoppgåver i Strandgata sport, sykla Konglerittet eller Russerittet, laga "prompelyd" på ferista i hinderløypa eller om dei prøvde stå heilt stille i balansekonkurransen. Moro for alle, og spesielt for borna!

Flora CK, Byen Vår Florø, Sykkelbyen Florø, Sparebanken S&F og Politiet var alle viktige bidragsytarar til arrangementsdelen, medan byens 3 solide sykkelaktørar; Strandgata Sport, G-Sport Florø og MX Sport la til rette for dagens 3 lengste smil, med sitt gåvebidrag til heldige vinnarar av Rebuskonkurransen! Takk for flotte premiesyklar! Når syklar i ulik storleik vert lodda ut, kan ein ikkje alltid treffe like godt med vinnarane, som vi gjorde i dag. Alle dei tre heldige - fekk syklar som passa deira storleik utmerka!

Arild Standal frå Flora CK var og på Torget og viste fram sykkelen vi skal nytte når vi syklar turar med eldreomsorgen. Den vakte fin oppsikt, med sine to passasjerseter foran og elektrisk motor. Flora CK gler seg til å sykle på tur med byens eldre bebuarar!

Eit knippe bilete frå dagens gode fotograf, Sunniva G. Ramsdal, finn ein under fana Bilder. Ta ein kikk!


0 Kommentar

Sykkeldrosje

Postet av Flora Cykleklubb den 22. Apr 2016

« Flora Omsorgssenter har bedt Flora ck om å bidra til å få eldre/demente ved Flora omsorgssenter ut på tur i sykkeldrosje. Det er vedtatt i årsmøte at Flora ck skal bistå ved å være syklister. Flora omsorgssenter har allerede prøvd ut sykkeldrosjen og det har vært stor suksess blant de eldre/demente som til dagen kommer svært lite ut i frisk luft. Sykkelen er en el-sykkel med plass til 2 personer i sete foran syklisten. I møte med Flora omsorgssenter ble vi enige om å forsøke dette frem til fellesferien, med annen hver onsdag i ca 2 timer. Om vi får med en del frivillige fra Flora ck vil det således kun bli ca. 1 gang på hver i sykkelsesongen. Dette er noe som jeg håper vi kan få til og det vil gi god pr. for Flora ck.
Vær vennlig å gi snarlig tilbakemelding på om du i første omgang kan stille deg til disposisjon 1 gang i 2 timer en onsdag. Jeg må ha tilbakemelding innen uke 17, dvs fredag 290416, slik at vi kan komme i gang. Det blir så satt opp en liste på dato og klokkeslett for de som har meldt seg, og som blir sendt ut. Dette blir moro og god trening både for oss og de eldre!

Kontakt Arild Standal på tlf. 90569370(sms) eller pr. mail, arilstan@online.no


0 Kommentar

Flora CKs Daniel Medhanie vann Halvmarathon under Rett Vest 2016!

Postet av Flora Cykleklubb den 17. Apr 2016

Imponerte medlemmer av Flora CK gratulerer Daniel Abraham Medhanie med sigeren på Rett Vest Halvmarathon 2016. Medhanie sprang på tida 1t 30m og 56sek.

Han er berre 17 år og deltok i sin fyrste lpekonkurranse nokon sinne. Han har heller ikkje drive organisert idrett i meir enn dei 4 mnd han har vore medlem i Flora CK - det gjer det heile rett og slett imponerande!
Den tida han har trena med klubben har han vist glimrande innsats og gode haldningar - mykje ligg til rette for at Medhanie kan bli verkeleg god, talentet er absolutt tilstade!

Klubbdrakta til Flora CK var elles godt representert på Florø Stadion og vi talde opp mot 20 klubbmedlemmer i aksjon, små som store. Flott at mange vel å vise fram klubben under lokal arrangement!


0 Kommentar

Del vegen!

Postet av Flora Cykleklubb den 13. Mar 2016

Gladsak!

Det vårast og fleire og fleire av oss tek sykkelen innover riksvegen. Etter påtrykk frå fjorårets styre og samarbeid med Statens Vegvesen vil det innan utgangen av April 2016, vere på plass 2 stk "Del veien" skilt på RV5 mellom Florø og Eikefjord. Eit skilt i kvar retning.


Bilete: Illustrasjonsfoto

I den samanheng anbefalar vi ein kikk på statens vegvesen si kampanjeside:
http://www.vegvesen.no/delveien

Elles bør ein repetisjon av trafikkreglene for syklister vere obligatorisk før sesongstart: http://www.vegvesen.no/trafikkinformasjon/Syklist/...

Og ikkje minst Norges Cykleforbund(NCF) eigne Sykkelvettregler: http://www.sykling.no/article/sykkelvettregler


0 Kommentar

Nytt frå styremøtet

Postet av Flora Cykleklubb den 3. Mar 2016


1. Fordeling av styreverv:

Leiar: Jens Petter Kjelsnes

Nestleiar: Robert Steindal

Styremedlem: Atle Halvorsen (økonomiansvarlig)

Styremedlem: Silje Dypevik

Styremedlem: Laila Hestenes

Vara: Rune Horgen (Trener)

Vara: Lars Reksten

Ungdomsrepresentant: Synniva G. Ramsdal


2. Sykkelens dag 23 april:
Denne dagen vil vi prøve å få til mellom anna:

  • BMX Show
  • Rebusløp
  • Sykkelritt for Barn
  • Balansekonkurranse
  • Trafikk og sykkeltryggleik
  • Servering
  • Sykling med eldre

Vi håper å få til eit samarbeid med eit knippe lokale aktører!

3. Karusellritt
Dette er noko vi vil prioritere høgt å få til. 3-4 Ritt i løpet av året er målsetting.

4.Medlemsregistrering.
Styret er informert om at arbeide pågår og at det kan påfalle oss litt arbeid med å hjelpe Atle å få komplettert liste. Atle informerer vidare direkte via email til styret.

5.Heimeside.
Vi må ha fokus på å ha ei aktiv side og ikkje minst aktivitetskalender. Det betyr at medlemmer som er med på arrangement tar bilder og skriver/ringer inn opplysninger(Silje eller Robert tek gjerne imot bidrag).
Heimesida er vår virtuelle mulighet til å nå fleire med den flotte idretten vi driver med.

6. Dugnad på sykkelrommet.
Sykler må vedlikeholdes. Vi kommer tilbake med nærmere beskjed og håper på dugnadsbidrag.

7. Trollrittet
Skal selvsagt arrangerest til høsten!
Styret diskuterer med Førde CK om det er aktuelt å samarbeide om sunnfjord dobbel i år også. Meir info vil komme.

8. RV 5 - Sundefjellet
Styret vil og undersøke muligheter til hvordan utbedre veien på utsiden av Sundefjellstunnellen.

9. Regler på treningsrommet
I etterkant av styremøtet er styret oppmoda om å klargjøre reglene på sykkelrommet.
Det vil vi gjør innen kort tid.



0 Kommentar

Minner om årsmøte 10.02.16 kl 1900

Postet av Flora Cykleklubb den 9. Feb 2016

Stad/tid: Florø Barneskole, onsdag 10.02.16, kl 19.00 OBS Styret møter 1830! Det vil si, ALLE medlemmer møter kl 1900. Det blir servert kaffi, brus og litt frukt og kake Uttrykksikonet wink Har du saker du vil ha tatt opp så send det på mail til kjelsnes@yahoo.com på forhånd. Foreløpig saksliste: 1. Valg av møteleiar/referent/2 til å underskrive protokoll 2. Godkjenning av innkalling 3. Årsmelding 4. Årsrekneskap 5. Budsjett for 2016 6. Valg av styre 7. Valg av revisor 8. Valgkomite 9. Eventuelt mvh Leiar Flora CK Jens Petter Kjelsnes


0 Kommentar

Levert av IdrettenOnline