Jonas Osland med siger i Norgeshus Gauldal 3-dagers!

Postet av Flora Cykleklubb den 11. Jun 2017

Flora CK sin Jonas Osland - tok heim samanlagtsigeren i Norgeshus Gauldal 3-dagers! Vi er mektig imponert og gratulerer!


Jonas stiller i klassen M13-14, og la grunnlaget for samanlagtsigeren med ein forrykande tempoetappe på fredag - kor ha la bak seg 10 km på sykkelen, på knallsterke 15 min og 22 sek. Det vil sei ein snittfart på neste 40km/t. Han vann tempoetappa, med nesten 1 minutt. Dette er noe trener Tom A. Stigen er fornøyd med.

Laurdag fulgte han opp med å tidleg gå i brudd, saman med nr 2 i samandraget, og dei køyrde i frå resten av feltet. Han vart nr. 2 i spurten.

Søndag gjentok dei bedrifta og gjekk på nytt i brudd, då var dei 3 stk og nok ein gong haldt dei unna for resten. Også denne gang vart Jonas nr. 2 i spurten.

På bilet ser vi Jonas med ledertrøya som han hadde heile helgen og sjølvsagt tok med seg heim. Vi gratulerer ungdomsgruppa og Jonas med flott innsats.









Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Powered by: Bloc