Sunnfjord Trippel

Postet av Flora Cykleklubb den 8. Okt 2018

For fyrste gong vart Sunnfjord Trippel arrangert i helga. Totalt var nærare 40 syklistar i sving på dei ulike ritta; 10 km tempo på Langeland skisenter, Trollrittet og treningsrittet Grimelandsrunda. 


Før start på Trollrittet

Kristian Tjønneland frå Førde CK sto att som suveren samanlagtvinnar etter å ha vunnet alle ritta. Elida Solheim, Førde CK og Jonas Osland, Flora CK, var best av dei unge, vi gratulerer. Kasper Heggø frå Ringerike CK, Frode Langedal Aune frå Flora CK, Sigurd Savland frå Tambarskjelvar Triatlon og Sykkel samt Elias Barthel frå Førde CK viste og prov på fin haustform og leverte gode prestasjonar, imponerande med tanke på deira unge alder.


Marie Iversen, 8år, sykla alle ritta, her frå målgang på Trollrittet - ein kjempeprestasjon!

Kjekt var det og at halvparten av dei som stilte til start på alle dei 3 ritta var under 16 år. Her har klubbane eit ansvar for å ta vare på dei unge og fortsette å legge til rette for samlingar og arrangement - det ser vi fram til å gjere!

Oppvarming til Trollrittet. frå venstre; Kristian Tjønneland, Elias Barthel, Kasper Heggø og Jonas Osland

Vi i Flora CK vil rette ein særskild takk til våre viktige støttespelarar, Sparebanken Sogn og Fjordane, Westcon og Audun Ramsdal Maskin, utan dei hadde ikkje dette vore mogleg.
Denne gongen fekk vi og god støtte til premiering av det lokale næringslivet av mellom anna Proff Partner, Norli Bokhandel, Beststasjon i Naustdal, Parfymelle Florø, Redningsselskapet, Nor Tekstil, Sunnfjord Apotek, Sunnkost Florø, Kitchen Florø og Rema 1000. Takk for bidraget - det skapte stor glede under trekking av premiar etter startnummer på Trollrittet.

Vi vil og trekke fram skigruppa i Eikefjord som lånte oss bygget på det flotte skianlegget på Humlestølen.  

Resultatlister frå alle ritta, samt totalliste finn de under:

10 km Tempo - Langeland skisenter


Trollrittet

Treningsritt - Grimelandsrunda

Samanlagt




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline