Referat frå årsfest 2011

Postet av Flora Cykleklubb den 20. Nov 2011

Ole Johannes Øvretveit starta kvelden ved å gje oss eit humoristisk innblikk i korleis han har makta å gå frå feit 40 åring til syklist og snart maratonløpar. Latteren satt laust hos dei nesten 60 som var tilstades.

Ein rikhaldig buffet metta alle munner. Spesielt fekk dei mange ulike lakserettane mykje skryt. Pizzabordet var også ein sukksess.

Heidersteikn vart delt ut i desse kategoriane:

Årets ungdom: Marius Langø

Årets ildsjel: Rune Horgen

Årets senior: Geir Kristiansen

Tidlegare har Flora CK utnevnt Arnljot Johansen (2010) og Ruth Grønnevik (2000) til æresmedlem. I år vart denne heideren også gjeve til Dagmund Ramsdal, Rita Gamlestøl og Rune Horgen. Alle for lang og tru teneste for klubben.

Lotteriet hadde premier til nesten alle dei frammøtte. Det var Marianne Langedal som stakk av med hovudpremien, som var ein sykkel frå Strandgata Sport.

Ståle Klakegg var årets konfransier


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline