Flora CK inviterer til årsfest!

Postet av Flora Cykleklubb den 7. Okt 2011

 Stad: FSK/FTIF Klubbhuset ved Florø Stadion
Dato: Lørdag 22.oktober 2011
Tid:   Kl.18:00 til ?
Pris:  Vaksne 200,- / barn 100,- / under 7 år gratis

Påmeldingsfrist: Søndag 16. oktober 2011.    


 Dette må du få med deg! Sett av kvelden og ta på finstasen.

Festen er for alle medlemmar i Flora CK med følgje. Ta med ungar, foreldre, partnar og godt humør.

 

På årets fest kan vi by på god koldtbord, pizzabord, pølser m/tilbehør, drikke og mykje god underhaldning. Vi oppfordrar til særs måtehald med alkohol!

 

Underhaldninga vil bestå av:

 

·        Utdeling av heidersteikn til årets ungdom, årets senior og årets ildsjel.

·        Trekning av over 40 sponsorpremiar. Hovudpremien er ein sykkel frå Strandgata Sport med verdi kr.5990,-

·        Resultat av veddemål på Floramila i år mellom Rune Horgen, Geir Kristiansen, Simen Ramsdal og Vegard Ramsdal.

·        Sjå demonstrasjon av ”video” sykkelrulle.

·        Stand-up show med Maratonmannen Ole Johannes Øvretveit. Les bloggen på http://blogg.bt.no/maratonmannen

Påmelding skjer ved å betale inn på konto

3775 07 03780

 

NB! Husk å skrive namn og alder på alle deltakarar.

 

For spørsmål ta kontakt med  Rune Horgen 9283 4977

 

 

Vi sjåast! 

                                                                                   

Styret i Flora CK


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline