Invitasjon til SSF Terrengcup 2011 i Førde

Postet av Flora Cykleklubb den 11. Sep 2011

Førde CK vil i haust prøve på nytt med MTB karusell. Det blir lagt opp til 4 ritt i lysløypene på Langeland. SSF Terrengcupen er open for alle frå 10år og oppover.

 

 

Siste løpet er lagsmeisterskap i terreng for Førde CK, men er ope for alle som ynskjer å delta.

Stad: Langeland Skisenter

Dato: Tysdag 13.09.2011 Løp1 18:00
Tysdag 20.09.2011 Løp2 18:00
Tysdag 27.09.2011 Løp3 18:00
Sundag 2.10.2011 Løp4 / LM 16:00

Tid: Start kl 18:00 (16:00) Fellesstart alle klassar.

Påmelding: Tysdagane kl 17:30-17:55 (Sundag kl 15:00-15:45)

Klassar: K10, M10, K11-12, M11-12, K13-14, M13-14, K15-16,
M15-16, K Junior(17-22), M Junior(17-22), K Senior(23-49), M Senior(23-49), K Veteran(50-), M Veteran(50-)

Startkontingent: kr 20,- (10-22år), kr 50,- (over 22 år) pr. løp.

Premiering: Det blir trekt ut gåvepremiar frå våre sponsorar og til alle som deltar på minst 3 løp.

Det blir lagt opp til to ulike rundløyper der ein syklar fleire runder alt etter klasse.
Den eine runda (kort runde) er ca 1 km og går i sprint traseen. Denne skal nyttast av dei yngste ryttarane. M/K10=2r, M/K11-12=4r, M/K13-14 og K15-16=6r
Den andre runda (lang runde) går i 2 km traseen, men motsatt veg av det ein går på ski om vinteren. M15-16, K Junior og K Veteran=4r, M Junior og M/K Senior=6r, M Veteran=5r

Det er delvis fast underlag og ein god del terreng i traseen. Anbefalar breie dekk med godt mønster og lite luft.

Ynskjer alle velkomne til ein flott sykkel tur i Førde.


Helsing

Førde CK
Terrenggruppa


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline