Invitasjon til Trollrittet søndag 25.september 2011

Postet av Flora Cykleklubb den 8. Sep 2011

Flora Ck kan med glede invitere til nok eit Trollritt. Merk at vi i år arrangerer rittet på ein søndag.

Start like ved krysset på Svarthumle RV5, og målgang ved Trollstova på Ramsdalheia.

 

Rittet vert arrangert som fellesstart over ca 6 km, med 320 høgdemeter. Alle deltar i trimklasse med uoffisiell tidtaking.

Rittstart kl.12. Dei aller yngste startar kl.11.50 evt. saman med dei som vil ta seg ekstra god tid.

Påmelding før fredag 23..september kl.21 til Rune Horgen mobil: 9283 4977

eller mail: rhorgen@online.no

Startavgift: Kr.50,- opp til 18 år, kr.100,- for voksne.

Etteranmelding ved start fram til kl.11.30 mot kr.50,- ekstra.

Premie frå våre sponsorer til (nesten?) alle vert uttrekt på startnummer. (Forrige år hadde vi 2 premiar til dei aller fleste!!!)

Til alle deltakarar blir det gratis betasuppe, saft og kaker på den peisvarme Trollstova etter rittet!

Sal av mat og drikke til publikum.

 

Veganvisning: Svarthumle ligg på gamle RV5 over Ramsdalheia i Flora Kommune.

Frå Florø køyrer ein i retning Førde, men tek til venstre vel 1 km før Sunnfjordtunellen.

Frå Førde/Naustdal køyrer ein gjennom Sunnfjordtunellen. Etter tunellen tar ein første veg til høgre etter vel 1 km. NB! Det er slutt på bompenger ved tunellen :-)

NB! Vegen er open for alminnelig trafikk, og alle må følge trafikkreglane! Strekninga er særs lite trafikkert, og det vil bli tydelig merking som viser at sykkelritt pågår.


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline