GAULARFJELLRITTET 2011 Søndag 21.august invitasjon.

Postet av Flora Cykleklubb den 10. Aug 2011

Frå Johannes Fleten i Førde CK kjem følgande invitasjon til Gaularfjellrittet:

RITTET DER ALLE KAN VINNE!

Klatreritt med start i Vetlefjorden (Grendahuset) og målgang ved Utsikten på Gaularfjellet.

Det er gjort ein del endringar i årets utgåve av rittet, for å skape litt meir show og gje alle deltakarane ein reell sjanse til å bli først opp fjellet.

Starten er flytta til Vetlefjorden for å skape større sikkerheit og å unngå farlege punkt langs fjorden, i tillegg for å gjere det meir praktisk for ryttarane å forflytte seg mellom start- og målområde.

HANDICAPSTART, "FØRSTEMANN OPP"

Nytt av året er også at vi har innført handicapstart, dvs, at dei med antatt svakast tid startar først og dei beste til slutt.  For å fastsette startpulje legg ein til grunn tidligare års tider frå rittet, mens for nye deltakarar vil ein sjå på andre prestasjoner eller tilbakemelding frå deltakarane sjølve.

Dette gjer rittet meir interessant for alle å delta i, og meir spennande for publikum, for no har alle ein reell sjanse for å komme først opp fjellet, uansett nivå, alder og kjønn.

Ein kan velje kva type sykkel ein vil bruke, men vi anbefaler sterkt å bruke landeveisykkel opp fjellet.

KLATREDRONNING OG KLATREKONGE

Det vil som tidligare år også bli kåra ei klatredronning og ein klatrekonge, som har dei raskaste tidene opp fjellet.

Mat og drikke til alle deltakarane ved målgang og premiering til alle.

Start kl. 1130 - 1230 (trim u/tid) og kl. 1315 (tur).

Henting av startnummer frå kl. 1130 og etterpåmelding vil bli stengt seinast kl. 1230.

Pris Kr 100,- + lisens 25,-(trim) og 250,- + lisens 150,- (tur).  Påmeldingsfrist 19.august kl. 2100.

Etterpåmelding kr. 200,- for trim og 400,- for tur + lisens.

Meir praktisk informasjon om rittet finn du ved å gå inn på påmeldingssida:

https://www.deltager.no/gaularfjellrittet_2011_21082011

Følg også med på nettsida vår www.fordeck.org for eventuelle endringar

og ny informasjon fram mot rittet.

Rittleiar: Johannes Fleten. E-post: johannes.fleten@kontorspar.no, mobil: 91 30 98 31


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline