20 mila 1.mai 2011

Postet av Flora Cykleklubb den 4. Mai 2011

Ein av vårens klassikere for Flora CK er 20 mila. 1.mai var det meldt strålande vér og dette gjorde sitt til at heile 8 mann møtte fram for å sykle tur/retur Sandane.

For første gang på fleire år stilte 3 juniorer til den krevande turen. Søskenbarna Joakim Ramsdal (15) og Øyvind Ramsdal (16) gjennomførte saman med nykommaren Tor Erik Øybost (16) heile turen med stil. Dette lover godt for framtida til sykkelsporen i Flora.

Det var også stor aldersvariasjon denne gangen. Eldstemann i gjengen var Geir Dysvik (62) som ikkje hadde vansker med å følge den våryre ungdommen.

Desse var også med: Atle Halvorsen, Rune Horgen, Dagmund og Otto Ramsdal

Ernst Jagedal og Geir Kristiansen sykla til Hyen, og var med klubben heimatt til Florø

20 mila 1.mai 2011


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline