Treningsleir 2011

Postet av Flora Cykleklubb den 11. Nov 2010

Det blir treningsleir i Spania laurdag 12.mars til søndag 27.mars 2011

Underteikna reiser til Alicante, og satsar på å leige privat bolig i området ved Benidorm/Calpe. Dette området er eit eldorado for syklistar. Mange av Pro tour og interkontinental laga gjer sine sesongforberedingar her. Det er lett å finne varierte turar med kort veg til høge fjell og langs kysten er det heller flatt.

Billigaste flybilletter er i skrivande stund ca kr.1400 T/R (+ gebyr for sykkel), men her gjeld det førstemann til mølla.

Vi satsar på sjølvhushald og privat bolig for å halde kostnadane lave. Totalpris for reise, leigebil, mat og bolig vart i mars 2010 under kr.5000 for to veker.

Norwegian flyr direkte frå Bergen til Alicante og til Murcia.

SAS flyr direkte til Alicante.

Dersom fleire vil vere med, ta kontakt snarast!

Meir informasjon: Ring Geir Kristiansen 95 85 74 54


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline