Jølster rundt 30.mai 2010

Postet av Flora Cykleklubb den 31. Mai 2010

Årets ritt vart velsigna med eit fantastisk vér. Over 20 grader og sol frå skyfri himmel. Det var då også kanskje det beste denne dagen, for rittet blei i år som i fjor skjemma av stygge velt. Medan det i fjor var eit massevelt, vart det i år fleire velt med ein eller fleire involverte.

Blide karer tross blodspill og revne drakter

Heile 5 personar måtte på legevakta, fleire av desse måtte fraktast med ambulanse. I tillegg var det fleire velt med personskadar. Arrangøren har registrert heile 12 personskader, inkludert 3 kragebeinsbrot.

Frå Flora CK var Terje Standal dagens mest uheldige då han var i asfalten to ganger. Også Dagmund Ramsdal var involvert i ein stygg velt med fart på over 40 km/t. Begge var heldige som kunne fullføre. Leni Kristiansen var i sin debut vitne til den eine ulykka med stor personskade, og hadde eit lengre stopp for å kontakte AMK/ambulanse.

Fleirtallet av syklistane våre var likevel bra nøgde med egne prestasjoner. Spesielt var det nok for Silje Dypevik å sykle frå nestor i klubben, Rune Horgen, på dei siste kilometerane.


Også Ernst Jagedal har god grunn til å vere fornøgd med rittet. Han var med og jobba hardt i rekordpulja det meste av vegen, og vart saman med 8 andre belønna med ny løyperekord på 2:01:27. Også Mikael Johansen og Geir Kristiansen var med i vinnergruppa.

Ernst Jagedal (midt på bildet) har fått orden på kneproblemene og har trent godt i år.

16 år gamle Øyvind Ramsdal var heller ikkje langt bak dei første i si pulje. Med den sterka tida 2:20:32 imponerte han fleire.

Øyvind Ramsdal i mål

Dei yngste hadde i regi av arrangøren og foreldre ein trygg tur. Med følgebil og planlagt stopp undervegs var det ei flott oppleving for framtida i klubben.

Dei yngste fekk velfortjent pokal. På bildet Mass Bendik Ø. Reksten
Flora CK lagbilde

Arrangøren skal få ros for eit bra gjennomført arrangement. Logistikken med påmelding, utdeling av startnummer/brikker og tidtaking verka å fungere særs godt. Ideén med "goodybag" var også eit friskt innslag. Den spenstige arrangementsformen skal sikkert evaluerast etter søndagens ritt. For etter underteikna si meining er det rom for ein del justeringer.

Link til resultater på arrangøren si heimeside:

http://www.fordeck.org/




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline