Veterancup 2010

Postet av Flora Cykleklubb den 2. Mai 2010

Veterancupen er i gang og underteikna har allerede sykla dei tre ritta Sotra Mila, Rådalen Rundt og Fyllingsdalrittet.

17.april stod CK Sotra som arrangør av Sotramila, ein 20km tempo. Rittet vart noko uventa ein sekundstrid der det kun skilte 9 sekund mellom dei fire første i klasse M40-44. Trond Folkedal, Åsane CK var raskast på tida 28:58, Karl Johan Watne, BCK og Geir Kristiansen delte 2.plassen 5 sekund bak. Først på 4.plass kom fjorårets tempokonge Frode Valen frå Stord, 9 sekund etter vinneren.

Neste dag var det fellesstart der Fana IL arrangerte Rådalen rundt. Her var det Karl Johan Watne frå BCK som tok klassesigeren, med Geir Kristiansen på 2.plass

2.mai var det Fyllingsdalrittet som stod på programmet. Fellesstarten vart i år som i fjor arrangert som fellesstart for alle klasser for menn i alderen 17 til 49 år. Dvs. junior, U23, elite og dei tre yngste veteranklassane M30-39, M40-44 og M45-49. Rittet vart diverre prega av mange ulykker. Minst tre ulike episoder med syklister i asfalten, og ein mann vart behandla for ribbeinsbrot. I klasse M15/16 gjekk store delar av feltet i asfalten i eit massevelt. Nokre av syklistane vart sendt til behandling med ambulanse.

Geir Kristiansen vann klasse M40-44


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline