Trollrittet 10.oktober 2009

Postet av Flora Cykleklubb den 25. Sep 2009

Då er det tid for sesongavslutning, og kva kan vere bedre enn å sykle 5,8 km i motbakke?

Trollrittet er Flora CK sitt eige ritt med start på Svarthumle og målgang ved Trollstova på Ramsdalheia.

Konkurransen vert avvikla som fellesstart trimklasse med uoffisiell tidtaking.

Rittstart kl.13. Dei aller yngste startar kl.12.50 evt. saman med dei som vil ta seg ekstra god tid.

Påmelding ved start fram til kl.12.30

Startavgift: Kr.50,- opp til 18 år, kr.100,- for voksne.

Premie frå våre sponsorer til (nesten?) alle vert uttrekt på startnummer.

Gratis betasuppe, saft og kaker på den peisvarme Trollstova etter rittet!

Veganvisning: Svarthumle ligg på gamle RV5 over Ramsdalheia i Flora Kommune.

Frå Florø køyrer ein i retning Førde, men tek til venstre ca 1 km før bompengeboda ved Sunnfjordtunellen.

Frå Førde/Naustdal kan ein køyre gjennom Sunnfjordtunellen (bompenger kr.45). Etter bompengeboda tar ein første veg til høgre etter ca 1 km. Ein kan også køyre gamlevegen over Ramsdalheia, som er open (men i dårleg stand?)

NB! Vegen er open for alminnelig trafikk, og alle må følge trafikkreglane! Strekninga er særs lite trafikkert, og det vil bli tydelig merking som angir at sykkelritt pågår.

 

Fjorårsvinnar Mikael M. Johansen

 

 

 

 

 

 


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline