Geir vann veterancupen!

Postet av Flora Cykleklubb den 9. Sep 2009

Det var sesongavslutning av veterancupen på Røros lørdag 5.september. Geir Kristiansen måtte bli nr 2 eller bedre i klassa si for å sikre sammenlagtsigeren i veterancupen.
Det vart konkurrert over 24 km tempo med vendemål halvvegs. Løypa var småkupert med jamn stigning fram mot vending med ein høgdeforskjell på 47 meter.
 
- Eg sykla min beste tempo nokken gang, fortel Geir som fekk tida 33:24 og dermed 2.plass i aldersklassa M40-44. Frode Valen, Stord SK, vann klassen på 33:09, berre 15 sekund føre Geir.
 
Dermed sikra Geir K sigeren i veterancupen M40-44, eitt fattig men likevel stort poeng forran Frode Valen sammenlagt. Dagens raskaste var Tor-Arne Simonsen, Torshov SK, klasse M55-59 med 33:01. Løyperekorden frå 2007 har Odd Arne Bratland, TVK, med tida 31:48.

- På årets første temporitt 20 km på Sotra var eg 2:09 bak Frode og idag berre 15 sek bak, så eg er veldig fornøgd med resultatet og progressjonen eg har hatt gjennom sesongen. Rosina i pølsa var likevel at eg vann veterancupen samanlagt. Det har vore ein lang sesong med mykje reising, men gleda over å konkurrere og vinne har vore stor.
 
Flora CK gratulerer!!!



Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline