Nibberittet 2009

Postet av Flora Cykleklubb den 11. Aug 2009

Flora Ck var representert på Nibberittet også i år. Lise Grønbukt sykla inn til ein sterk 4 plass i si klasse.

Nibberittet er eit spektakulært ritt fra Geiranger og opp på Dalsnibba. Rittet startar heilt nede ved fjorden i Geiranger sentrum. Etter ca. 4 km jamn stigning (1:12) opp til Flydalsjuvet, flatar løypa ut og ein syklar mellom anna på grusveg gjennom Knuten, ein sving på 270 grader.

Ved Oplenskedal er det jamn stigning til ca 14 km opp til Blåfjellet. Herfrå er det ca. 2 km med tilnærma flatt terreng til Djupvasshytta før ein igjen startar oppstigninga til Dalsnibba. Denne siste strekninga på 5 km er på grusveg og har ei stigning på 1:8. Denne siste biten kallast Nibbevegen. Totalt har løypa 35 180-graders svingar, og ein total høgdeforskjell på litt over 1500 meter.

Bare å gjennomføre dette rittet er ein prestasjon. Lise sykla på 1:39:33 og utfordringen til oss andre i klubben er dermed gitt. Neste år stiller vi vel fleire?

(Rittet gjekk 13.juni)


 

 


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline