Ørstarittet 25.juli 2009

Postet av Flora Cykleklubb den 26. Jul 2009

I fravær av dei siste to års vinnar, Mikael Johansen, var det på forhånd åpent om seieren i Ørsta rittet. Men på startstreken sto i år Jan Ove Standal frå Ålesund OC. Han vann nyleg veteran NM i klasse 40-44 og hadde tydeligvis beholdt formen.

Allerede opp Bondalseide første gang stakk Standal frå feltet. Kun unge Sondre Austreim frå Sogn CK prøvde å følge, men måtte raskt slippe seg ned igjen til gruppa som kom jagande bak. Standal har stor køyrestyrke og det 10 mann store feltet som arbeidde godt sammen i rulla bak lederen greidde ikkje å knappe ned på forspranget. Tvert i mot så økte Standal jevnt og trutt. På Toppen av Krøvelseide var avstanden ca 2 minutt, og sjølv om Austreim og underteikna her hadde fått ei luke til resten av feltet, var det ikkje lenger realitet i å hente den sterke Ålesunderen. Dei 8 som no var igjen i forfølgergruppa roa kraftig ned frå Volda og den nye strekningen rundt Berkneset inn mot Ørsta. I siste brattbakken opp mot hovedvegen støtte underteikna igjen og opp Åmdalen var det berre 6 mann igjen i gruppa. Underteikna prøvde igjen å støte i dei lange slakke bakkane opp dalen og fekk ei luke på ca 10 sekund. På veg nedatt til Ørsta og mål var dei 6 samla igjen, og det vart ein del støting av Austreim, Bernt Ullebø, Sogn CK og underteikna. Dei siste 300 meterane var vi enige om å frede, slik at vi trilla rolig over mål i samla flokk.

Link til arrangør si heimeside der du finn resultata:

http://idrett.speaker.no/organisation.asp?OrgElementId=493539

 


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline