NM Senior uke 26 2009

Postet av Flora Cykleklubb den 30. Jun 2009

Då er NM overstått, og vår lokale helt Mikael Johansen har deltatt i 3 av rittene.

På forhånd hadde Mikael sammen med klubben sin, Bergen CK, størst forhåpninger til å gjere det bra på 3 manns lagtempo. Ein medalje kunne vere innan rekkevidde. På laget sykla også Filip Eidsheim og Anders Stensaker. Ved sekundering midtvegs låg dei an til 4.plass, men dessverre tok kreftene slutt for Anders som måtte slippe. Etter dette blei det for tungt å kjempe i toppen og det blei til slutt ein 9.plass

På den individuelle tempoen over 50 km fekk Mikael ein sterk 20.plass, og nådde med det målsettinga si. Suveren vinner var Edvald Boasson Hagen som utklassa dei andre ved å vinne med over 3 minutt.

Sjukdom holdt på å sette ein stopper for Mikael si deltaking på den avsluttande fellesstarten. Som dei fleste veit var Kurt Asle Arvesen den sterkaste i dette rittet, medan Mikael til slutt fekk ein 65.plass.




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline