Østfold 3 dagers 22-24.mai 2009

Postet av Flora Cykleklubb den 24. Mai 2009

Temporitt, gateritt og fellesstart sto på programmet for Mikael Johansen denne helga, og møtestad var Fredrikstad. Mikael var godt fornøgd med 16.plass på temporittet over 10,6km fredag ettermiddag. Gaterittet på lørdag er ei vanskeleg øving med høg fart og krappe svingar gjennom heile rittet, noko som ikkje passar Mikael sin sykkelstil like godt. På søndag var det fellestart i ei løype som ikkje skilte mykje mellom syklistane. Her gjorde derfor Mikael ein jobb som opptrekkar for teamkamerat Filip Eidsheim fram mot spurten, og Filip fekk til slutt ein fin 5.plass.

0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline