Fana sykkelfestival og Lagunen GP 8-10.mai 2009

Postet av Flora Cykleklubb den 11. Mai 2009

Mikael Johansen viser god form og leverte tre gode ritt i helga.

Fredag kveld var det bakketempo (individuell start) opp til Fanaseter. Løypa er kun 2,5km lang, men bratt. Stian Remme fekk tida 6:33 og var i ein klasse for seg. Han slo nestemann med 11 sekund og var 41 sekund foran Mikael på 13.plass. Mikael var sjølvsagt godt fornøgd med resultatet.

Resultat Fanaseter Opp:

http://home.broadpark.no/~fanasykkelgruppe/2009/Resultater/FSF%20FANAFJELLET%20OPP.txt

 

Lørdag var det fellesstart over 153km i ein trasé som m.a gjekk rundt Gullfjellet. Her var Mikael med i eit brudd som opparbeidde eit godt forsprang til resten av feltet. Dessverre fekk Mikael tekniske problemer. Bakbremsa hang seg opp slik at den måtte løysast ut manuelt etter bruk. Dette førte til at han blei etter i nedkøyringa frå fjellet og måtte sjå dei andre dra i fra.

Stian Remme viste seg sterkast også i dette rittet og fekk tida 4:01:56. Mikael var 5:16 bak, men fekk likevel ein flott 20.plass.

Resultat Gullfjellet Rundt: http://home.broadpark.no/~fanasykkelgruppe/2009/Resultater/GULLFJELLET%20RUNDT%202009.txt

 

Søndag var det Lagunen Grand Prix som sto på programmet. LGP blei arrangert som eit rundbaneritt fellesstart over 136km. Her var litt av utfordringa å ha nok krefter til å forsere bakken frå Skjoldskiftet og opp til Vallaheiane 8 ganger. Mikael klarte seg som venta godt i bakkane og avslutta helga med ein 14.plass kun 15 sek. bak vinnaren Geir Inge Berg.

Resultat LPG:

http://home.broadpark.no/~fanasykkelgruppe/2009/Resultater/LAGUNEN%20GRAND%20PRIX%202009.txt

 

Sammenlagt blei det 18.plass til Mikael, noko som er bra med mesteparten av norgeseliten på plass. Likevel seier Mikael i ein kommentar at han ikkje er fornøgd med sammenlagtplasseringa, og stiler mot bedre plassering neste gang. Han seier også at det vanligvis er uvesentlig med sluttida i fellesstarter. Og om det er 15 sekund eller 15 minutt mellom brudd og hovedfelt, seier det lite om rittet der det blir køyrt taktisk med fleire sterke lag.

Sammenlagt 3 ritt:

http://www.syklingensverden.com/fellesfiler/visfil.php?filID=1546

 

Sjå rittinvitasjon med m.a løypebeskriving:

http://www.fanail.no/stream_file.asp?iEntityId=9828


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline