Ulykke på trening 30.april 2009

Postet av Flora Cykleklubb den 30. Apr 2009

På trening torsdag var Odin uheldig og gjekk hardt i bakken. Smellen var så kraftig at ambulanse vart tilkalla og Odin vart køyrd til sjukehus. Trener Rune Horgen fortel at det truleg er brot på kragebeinet.

Skader kjem aldri på eit gunstig tidspunkt, men det var her særs bittert i og med at Odin skulle debutere på Ulven tempo førstkommande søndag. Vi ynskjer Odin god bedring og håper at han er raskt attende på sykkelen.


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline