Veterancup i Bergen 25. og 26. april

Postet av Flora Cykleklubb den 26. Apr 2009

Lørdag sto Bergen CK som arrangør av temporitt over 9,7km på Straumevegen. Det var start ved klubblokalet i Fjøsangerveien (tidligere BOA sykkelbutikk) og vendemål i rundkøyringa på Straume. Ei forholdsvis flat tempoløype som likevel skilte rytterane bra.

Suverent best var tidligare NM og nordisk tempomester Bjørn Atle Øverland M45-49 med tida 12:41. Også Olav Byrkjeland i M40-44 imponerte med tida 12:57. Begge desse sykler for Bergen CK

For Flora CK stilte Geir Kristiansen i klasse M40-44. Han fekk tida 13:47 som var tredje raskast i klassen og dagens niende beste tid av dei 32 startande fra 17 år og oppover.

Sjå alle resultat:

http://www.bergenck.no/editor/resampler.aspx?src=883

 

Søndag var det Fyllingsdalrittet som sto på programmet. Rittet blei arrangert av Bergen CK som fellesstart rundbaneritt over 15 runder på 5km.

Nytt av året var at alle klasser frå M-junior til og med M45-49 sykla sammen.

Etter ein roleg start vart farten skrudd mykje opp halvvegs. Geir Kristiansen, Flora CK var aktivt med framme i feltet og kom med i eit 3 manns brudd då det var att fire runder. Dei tre arbeidde godt saman og avstanden til hovedfeltet vart raskt større. Mot slutten var det klart at feltet ikkje henta inn bruddet, slik at det vart eit oppgjer mellom rytterane i bruddet. Anders Hosøy (Fana IL) som deltek i eliteklassen, var sterkast i siste bakken og holdt Kristiansen bak seg inn til mål. Kristiansen var særs nøgd med å vinne M40-44 og veteranklassen totalt. På tredjeplass kom BCK rytteren Fredrik Madsen M30-39 som tok sin første klasseseier.

Hosøy, Kristiansen og Madsen i brudd.

 

 

 

her.


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline