Trollrittet 11.oktober 2008

Postet av Flora Cykleklubb den 13. Okt 2008

Sesongens siste sykkelritt samla 28 syklister til dyst. Véret vart som venta regnfullt, og med mykje vind vart det også kaldt. Kanskje kaldast for dei som var med å arrangere og tilskodarane som sto på toppen og venta.

Mikael vann i år som i fjor.

Syklistane heldt iallefall varmen opp fjellet, og med vinden i ryggen vart det særs mange gode tider i år.

Det var knytta ein del spenning til duellen mellom FTIF sin Øyvind Kjerpeset og Flora CK sin Erlend Sunde om bestetid samanlagt på 5 km løp under Floramila og dagens ritt. Øyvind hadde 37 sekund å gå på etter løpet, men det viste seg å vere i minste laget. Duellen avgjorde 18 år gamle Erlend til sin fordel ved å sykle dei 6 km 1 min 54 sek raskare enn sin eitt år yngre konkurrent. Ein fornøgd Erlend kunne derfor ta Firdaposten sin premie, ein karaffel, med heim som prov for den gode innsatsen. Premien går til beste deltakar under 20 år, i denne samanlagt konkurransen. Petter Kittang kom på 3.plass.

Mikael Johansen var som venta i ein klasse for seg og sykla ifrå allerede i første stigninga like etter start. Med ei tid like over 15 minutt var han meir enn 2 minutt framføre nestemann. Bak Mikael kjempa Dagmund Ramsdal og Geir Kristiansen ein jamn kamp, og rettferdig nok var Dagmund sterkast i spurten etter å ha taua Geir opp heile fjellet.

På spinnesida hadde Hanne Sofie Almenning få problem med å vinne. Ho var nesten 3 min raskare enn Tone Strømmen Kjerpeset FTIF som stilte til start på lånt sykkel og heilt utan sykkeltrening. Derfor kan vel Tone vere godt fornøgd med 2.plass. Camilla Savland frå Naustdal tok 3.plassen.

Mikael og Hanne fekk også 7 poeng i den nye poengkonkurransen der førstemann til 21 poeng vinn Trollrittskjoldet.

I aldersgruppa under 18 år var Tord Bjørnar Bjerknes (14) den raskaste. Han slo 3 år eldre Øyvind Kjerpeset med 19 sekund, og er nok eit av dei største talenta i Flora CK. Den lengste reisa til rittet hadde Jørgen Skivenes Våg (14) frå Sørbøvåg. Han fekk 3.plass 50 sek bak Øyvind.

Resultater:

 1. Mikael Johansen               15:06 Bergen CK

 2. Dagmund Ramsdal            17:10

 3. Geir Kristiansen                 17:11

 4. Erlend Sunde                    17:48

 5. Ernst Jagedal                    18:19

 6. Arild Standal                     18:40

 7. Tord Bjørnar Bjerknes        19:23

 8. Øyvind S. Kjerpeset           19:42 FTIF

 9. Jørgen Skivenes Våg         20:32 Sørbøvåg

10. John Sverre Hellesen        20:33

11. Johannes Fletet               20:34 Førde CK

12. Jens Petter Kjelsnes         20:42

13. Hanne Sofie Almenning    20:48

14. Petter Kittang                  21:30

15. Hjalmar Bø                      21:35

16. Kjetil Husevåg Strømmen  21:52 Førde IL Ski

17. Marius Horgen                 22:10

18. Rune Horgen                   22:19

19. Arnljot Johansen              22:58

20. Øyvind Ramsdal              23:34

21. Tone S. Kjerpeset            23:40 FTIF

22. Odin M. Stenset               24:22

23. Camilla Savland               24:32 Naustdal

24. Silje Dypevik                    26:19

25. Marius Langø                   33:54

26. Johannes G. Jakobsen      38:50 Tempo FK

27. Vegard Ramsdal               38:51

28. Espen Øren                      42:07 Eikefjord IL Ski

Mikael Johansen

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Dagmund og Geir i spurt mot mål.

Dagmund var raskast i spurten.

Erlend mot mål og 4.plass.

Geir får medalje av Anne.

Arild inn til 6.plass.

Erlend får medalje av Anne.


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline