Treningsleir på Mallorca våren 2009?

Postet av Flora Cykleklubb den 11. Sep 2008

Årets sesong går mot slutten. Vi har vore meir enn heldige med véret, og få av oss har vel hatt fleire kilometere med tørr asfalt under sykkeldekka på ein sesong enn i år.

Likevel må vi sjå framover mot neste sesong, og fleire av oss har snakka om ein treningsleir våren 2009. Underteikna har sjekka ut forholda på Gran Canaria og i Malaga området (sør Spania) utan å ha blitt imponeret over forholda der. Etter å ha snakka med andre erfarne syklister og surfa på nettet, peiker Mallorca seg ut som eit godt alternativ. Påska er eit tidspunkt som kan passe for fleire, men det er flott om nokon kjem med andre innspel. Lengda på turen kan også varierast. Nokon ynskjer kanskje ei veke, andre vil ha to veker.

Priser for ein slik tur er svært varierande alt etter korleis ein ynskjer å legge den opp, men ein tur kan sjå omlag slik ut:

Fly med SAS Bergen-Mallorca T/R ca. kr.2800-3600,- (andre flyselskap har ikkje lagt ut sitt vårprogram enda, men Norwegian og Sterling flyr ikkje fra Bergen)

Hotell med halvpensjon ca kr.2000,- per person i dbl.rom per veke.

Sykkelleige ca kr.800-1100,- per veke, eller ta med eigen sykkel for ca kr.600,-

Her er det sjølvsagt fleire alternativ og prisklasser, og det kan vere mogleg å få leige private leiligheter og stelle seg med mat sjølv osv...

Det er også aktører i markedet som skreddersyr opphaldet på Mallorca for ivrige syklister. Her kan vi få sykkelhotell med heilpensjon og sykkelgarasje, sykkelguider som legg opp turane for oss, følgebil med mat og drikke, sykkelverksted med erfarne mekanikere, transport T/R flyplass osv...

Sjekk t.d denne sida: http://www.majorcacycling.com/

eller dene norske sida: http://www.velotelmallorca.no/index.php

Har du anledning og interesse av å delta på treningsleir, gjerne saman med familien, så ta kontakt på mobil 9585 7454 eller e-mail geir@kristiansen.vg

Jo tidlegare vi bestiller, jo bedre (fly)priser. Og lengre tid til å glede seg :-)

 

 

Nyttige sider:

http://www.sas.no/Default.aspx?epslanguage=NO

Kalender for 2009: http://www.taler.no/kalender2009.htm

Leige sykkel? : http://www.velosportmallorca.com/Kontakt/Rental_Bikes/rental_bikes.html

http://www.rentmarch.com/en/bikes.html

Sykkelhotell: http://www.mallorca-cycling.com/


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline