Mikael Johansen med gode resultat i Kalas Cup 5-7.september 2008

Postet av Flora Cykleklubb den 10. Sep 2008

Etter skademarerittet i vår har Mikael på seinsommaren fleire ganger vist at han er den beste syklisten i fylket.

Festningsrittet på Kongsvinger vart ei positiv oppleving for Mikael. Han starta med ein flott 15.plass på fredagens tempoetappe over 20 kilometer, og fylgde opp med ein 32. og 21.plass på fellesstart ritta på laurdag og søndag.

Denne helga sykla han for eit Fana mix lag, samansett av dei beste syklistane frå Bergensområdet og Voss. Samarbeidet må ha fungert godt ettersom laget vart nr.2 samanlagt. Samstundes gjorde dei seg nyttige erfaringar, og kanskje blir det endå tettare samarbeid mellom klubbane i regionen i framtida.

Samanlagt vinnar vart Lars Petter Nordhaug som for kort tid sidan deltok i sommar OL.

Alle resultat finn du her:

http://www.sykling.no/t2.asp?p=23943&x=1&a=233308


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline