Lille Jotunheimen 5. juli 2008

Postet av Flora Cykleklubb den 6. Jul 2008

I år som i fjor kunne syklistane stille til start på Lom med visshet om at det ville bli ein varm og solfyllt tur over Sognefjellet og ut til Sogndal.

Erlend Sunde var strålande fornøgd med tida og plassering som nr. 4 i M 17-19

Med kanskje den mest storslagne naturen i Norge som ramme rundt rittet, blir dei tilsaman 1700 høgdemeterane fordelt på 137 kilometer ei flott oppleving for syklistane.

I år stilte også løyperekord holder Ove Matland (45) fra Bergen CK til start, og etter ein litt roleg start gjekk det etter kvart fort opp mot Sognefjellhytta på 1440 m.o.h. Matland viste seg også i år å ha ekstreme egenskaper i utforkøyringane frå Turtagrø og ned til Skjolden. Her la han alle konkurrenter bak seg og sykla åleine i motvinden ut til Sogndal. Sluttida vart 4:00:08, ca. 11 minutt bak løyperekorden.

Flora CK sine deltakarar gjorde også sine saker bra. I yngste klasse M 17-19 slo Erlend Sunde (18) til med eit knalløp. Han sykla frå ei gruppe i Hafslobakkane og heldt god fart åleine inn mot mål. Tida 4:32:07 var også 4. plass i aldersgruppa.

Dagens raskaste frå Flora CK vart Geir Kristiansen (41). Med tida 4:14:15 vart han nr. 6 i klasse M 40-49. I samme klasse sette Rune Horgen (40) ny pers og fekk tida 4:42:28

Terje Standal (52) vart nr. 5 i klasse M 50-59 og var kun 20 sekund bak Horgen. I denne klassa var også Arild Standal (52) med tida 5:24:15 og Ståle Klakegg som greidde tida 5:36:43

Veteranen John Sverre Hellesen (63) deltok i turritt for første gang på 3 år og hadde det so kjekt undervegs at det nok blir fleire startar seinare i sommar. Han fekk tida 5:14:09 og vart nr. 4 i klasse M 60-69

Dagmund Ramsdal var einaste frå Flora CK som sykla dei 430 kilometerane i Jotunheimen Rundt og fekk den gode tida 14:31:10, noko som heldt til ein 13.plass i aldersgruppa M 40-49, 96 minutt bak "over all" vinnaren.

Resultatliste Lille Jotunheimen:

Geir Kristiansen        4:14:15

Erlend Sunde            4:32:07

Rune Horgen            4:42:28

Terje Standal            4:42:48

John Sverre Hellesen 5:14:09

Arild Standal             5:24:15

Ståle Klakegg            5:36:43

 


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline