Styrkeprøven Trondheim-Oslo og Lillehammer-Oslo

Postet av Flora Cykleklubb den 23. Jun 2008

I å stilte kun Oddgeir Nygård frå Flora CK i det tradisjonsrike rittet Styrkeprøven som går frå Trondheim til Oslo. 

Oddgeir var utpeikt som kaptein på eit 26 mann stort felt frå Bergen CK, og dei 540 kilometerane vart gjort unna på tida 20:01:16, ei høgst respektabel tid. Han seier i ein kommentar at han er stiv og støl etter turen, men at det var ei fin oppleving og at han allereie har bestemt seg for å sykle igjen neste år. Undervegs hadde dei litt problem med ein følgebil som ikkje dukka opp til avtalt tid og mot slutten hadde dei også 4 punkteringer då dei var utan servicebil. Trass i at fleire i feltet og støtteapparatet var urutinerte seier han seg nøgd med korleis dei gjennomførde rittet.

På strekninga Lillehammer Oslo var det sju frå Flora CK som stilte til start. Før start var det store samtaleemnet véret og sjølvsagt bekledning. Det var fin temperatur og såg bra ut, men 10 min før start kom det regn. Den første timen var det heller vått men det skein opp etter kvart og fra Hamar var det vel mest ein stadig skiftande mot og sidevind som tok på kreftene.

Til Oslo kom Rune Horgen, Jens Petter Kjelsnes og Geir Kristiansen saman med eit ganske stort felt, medan dei fire andre kom til mål etter å ha sykla store delar av vegen i mindre felt og også lengre strekninger åleine.

Resultat: 

Geir Kristiansen 180 km 5:19

Jens Petter Kjelsnes 180 km 5:19

Rune Horgen 180 km 5:19

Magnar Max Solheim 180 km 5:55

Rolf Pedersen 180 km 6:17

Bjarte Indrehus 180 km 6:52

Geir Dysvik 180 km 7:12

 

Førde CK si storsatsing på Trondheim Oslo må også seiast å vere vellukka etter at dei fekk nesten 40 mann inn på ei tid like i overkant av 20 timar. I dette feltet satt også den ikkje ukjende tidlegare vektløftaren Stian Grimseth.


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline