Testløp fredag 9.mai 2008 kl.17

Postet av Flora Cykleklubb den 6. Mai 2008

No er det på tide å sjekke formen før vi for alvor tar til med rittsesongen.

Etter ein del diskusjon har vi kome fram til ein trasé som vi anser for å vere mest mogleg trafikksikker og samstundes skal passe både for dei yngre og dei eldre.

Det blir start og målgang ved båthamna i Kanalen (NB! ikkje Fureholmen båthamn). Vi sykler til gravplassen i Brandsøy der det er vendepunkt markert av funksjonær (kanskje med mellomtid?)

Distansen er ca. 9,2 km, og blir avvikla som tempoløp med individuell start med 1 minutt intervall.

Regler:

-Dersom ein rytter blir tatt igjen av ein seinare startande må denne legge seg minst 25 meter bak. Det er ikkje lov å legge seg på hjul.

-For vår egen og andre sin sikkerhet skal vi følge trafikkreglane. Ver særskilt obs ved gangfeltet ved Havhesten.

Første start blir kl.17.00 og dei yngste startar først. Møt opp i god tid, då blir det også tid til oppvarming.

 

Kanskje blir dette løypa vi kan teste formen i med jamne mellomrom?


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline