Mikael blei skada i velt i Grenland GP 27.april

Postet av Flora Cykleklubb den 6. Mai 2008

Før 3 dagers rittet i Grenlandsområdet meldte Mikael om stigande form og lette bein.

Etter harde ritt på fredag og lørdag hadde Mikael intensjoner om å trå skikkelig til på søndagen. Som dei interesserte veit er det i bakkane han har sin store styrke, og han prøvde gang på gang å komme laus der utan å lykkast heilt. Dermed blei det eit stort felt som nærma seg målgang. Arrangøren rapporterer om eit stygt velt like før målgang som førte til ein mann på sjukehus med armbrot. Mikael var ikkje direkte innblanda i dette veltet, men blei omlag samstundes pressa utanfor asfalten på motsatt side av vegen to ganger. Diverre endte det med velt og stygge skrubbsår på venstre bein.

I etterkant har han fått infeksjon i såra og ligg i skrivande stund på sjukehus, og blir nok ikkje å sjå på sykkelen på nokre veker. Vi som veit kor mykje arbeid Mikael har lagt ned framfor denne sesongen kan ikkje anna enn å føle med han, og ynskje han raskast mogleg tilbake.

08.05.08 Etter ei lita veke med behandling på Sentralsjukehuset er Mikael idag komen heim. Han skal tilbake til sjukehuset tidleg neste veke for litt dagkirurgi, men håper at han kort tid etter kan starte å trø forsiktig. Han takkar også for blomster og sjokolade frå Flora CK.


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline