Mikael Johansen skal sykle for Bergen CK i 2008 sesongen

Postet av Flora Cykleklubb den 13. Apr 2008

Mikael har dei siste sesongane vore den klart beste syklisten i Florø og har representert klubben vår på ein fin måte. 

Han har no fått ei avtale med Bergen CK som innebærer at han so langt råd er skal delta i deira opplegg for sesongen. Dermed blir han å sjå i den blå og gule drakta til Bergen CK også langs vegane i her distriktet.

Klubben er rekna som ein av dei beste på vestlandet etter det semiprofesjonelle Team Sparebanken Vest. Mikael har allereie delteke på treningsleir på Mallorca og har funne seg godt til rette i sin nye klubb.

Sjå også Firdaposten si omtale:

http://www.firdaposten.no/sport/article3397870.ece


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline