20 mila 2008 (Kvalifisering Paris - Brest)

Postet av Flora Cykleklubb den 4. Mai 2008

Det vart lang søndagtur søndag 27.april I år var det berre to frå Flora CK som sykla dei 200 km Florø - Sandane - Florø. Dagmund Ramsdal og Geir Kristiansen starta kl.08.05 fra Amfi senter i forholdsvis fint vér. Det hadde regna om natta slik at det var våte vegar like til Storebru, men humøret var likevel godt. Slikt føre blir det som alle veit mykje skit av men meir regn kom det heldigvis ikkje. Delar av vegen frå Storebru inn mot Nesholmen har fått ny asfalt og gjev god fartsføling, medan vegen over Rørvikfjellet er i særs dårleg stand og krev full merksemd i nedkøyringa mot Hyen. På Sandane vart det ein god halvtime med mat, drikke og litt tøying før heimlengta vart stor nok til å trakke vidare. Utanom det obligatoriske stoppet ved vatnkjelda ved Krokstadvatnet begge vegar, vart det sykla utan fleire pauser. Då klokka viste 15.50 var årets første langtur historie og to trøytte karar sykla kvar til sitt.

0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline