Intervall-trening

Postet av Flora Cykleklubb den 3. Mai 2008

Individuell trening for junior og vaksne som har trent ei stund.

Intervall-trening

Hjelpemiddel er pulsklokke og helst kjennskap til makspuls eller "terskel/syregrense"

Begrepforklaring: "Drag" er kvar periode ein sykler/arbeider i økta. Ved "pause" sykler man med lav belastning. Viktig å halde beina "i gang".

Ulike typer intervall-trening:

-Bakkeintervall 4x4x4

Lengde: 4minutt drag + 4minutt pause, 4 ganger

Forslag til gjennomføring: Start i krysset Brandsøyvegen/Bjørndalvegen på Solheim og sykle opp mot Botnaholten. Lengda på intervalldraget bør vere ca 4 minutt, eller til Torvmyrane skule. Så er det 4 minutt pause inkl. retur til startpunkt på Solheim. Gjenta dette 4 ganger eller meir om du orker :-)

Intensitet: Tidleg på kvart drag opp mot terskel, siste del av kvart drag opp over terskel.

 

-Tempointervall

Lengde: 7minutt drag + 3minutt pause, 4-6 ganger

Forslag til gjennomføring: Start ved Fureholmen båthamn og sykle i retning Brandsøy. Lengda på intervalldrager er 7 minutt med 3 minutt pause. Neste drag er motsatt veg. Sykle 3 turer inn og ut.

Intensitet: Tidleg på kvart drag under terskel, etterkvart rundt terskel, og over terskel siste 1-2 minutt. Viktig å ikkje sykle seg "stiv" tidleg på draget.

 

-Kortintervall

Lengde: 15-30 sekund, 1-2 minutt lav intensitet (pause), 15-30 ganger

Forslag til gjennomføring: Kan leggast inn i ein times treningstur.

 


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline