Sesongavsluttning med Trollritt og årsfest!

Postet av Flora Cykleklubb den 21. Okt 2007

Høsten er et faktum for lenge sidan, ja faktisk så bankar vinteren på døra allerede. Så det var på tide å runde av en flott sesong. Og kan det gjøres bedre enn ved å arrangere et uoffesielt bakke løp, Trollrittet, og så avslutte med en bedre middag på Hotellet på kvelden? 

Årets siste sykkelløp "Ramsdalsheia opp/Trollrittet" vart ei fin oppleving for deltakarane. Vérgudane var kanskje ikkje heilt i godlune, men når almanakken viser 20.oktober må ein kunne takle 3 grader og duskregn. Deltakarane og støtteapparat lot seg iallefall ikkje merka av véret, og kl.12 kunne juniorane (10-15 år) sendast av garde dei 6 km opp fjellet. Startar var Rune Horgen, som av medisinske årsaker sjølv ikkje kunne stille til start.
I junior klassa var Tord Bjerknes suverent best med tida 21'17min. Vegard Bareksten fekk tida 24'00, Petter Kittang 25'10, Odin M. Stenseth 28'39 og Øyvind Ramsdal 31'02. Joakim Ramsdal var uheldig og punkterte like ved ferista, men fullførde til fots på tida 50'01


5 minutt etter ungdommen skulle seniorane starte, men starten vart noko utsett av di Sigmund Ramsdal gjorde det kunststykket å punktere FØR start. Med god hjelp av røynde "påfelgenmekanikere" tok det berre 5 minutt ekstra å få dei 14 utålmodige i gang.
Som venta såg seniorane snart berre ryggen til Mikael Johansen som fekk den gode tida 15'52. Men det var andre som kanskje imponerte meir enn Norgescup deltakaren. Underteikna vil framheve Erlend Sunde som nesten fulgte veteranen Dagmund Ramsdal tidsmessig. Dagmund fekk tida 18'00, og 17 åringen Erlend kom opp på særs sterke 18'42. Han har nok trent godt i haust og kanskje har 2 veker ferie og treningsfri gjort kroppen godt.
Resultata vidare:
Arild Standal 19'21, Ernst Jagedal 20'13, Odd Arne Langedal 20'25, Jens Petter Kjelsnes 21'11, Geir Kristiansen 21'29 og Marius Horgen 23'26.
Uheldige Sigmund Ramsdal hadde lenge eit 50 meters forsprang på JPK og Geir K, men punkterte nok ein gong eit stykke før "pipemannen". Han jogga likevel i mål på tida 24'15. Sigmund må nok ta ein full sjekk på dekk og felgar før neste tur.
Hallvard Løken (på offroad sykkel) fekk tida 24'59 og la med den tida trekløveret Ståle Klakegg, Trond Økland og Arthur Færestrand bak seg. Dei tre fekk tida 25'10. Nærast på heimebane stilte Geir Dysvik og fekk tida 26'25.
Som einaste kvinne deltok Hanne Sofie Almenning. På Offroad sykkel imponerte ho med tida 22'30.
Støtteapparatet hadde tatt oppstilling under tak på Trollstova og serverte grillpølser, sjokoladekake og muffins med drikke attåt til små og store. Dette var eit populært innslag og gjorde godt for trøytte syklistar.
Populært var det at Rita Gamlestøl, som har gjort mykje godt arbeid som kasserar og sekretær for klubben sidan 1993, fekk ei lita påskjønning som takk. Gåva var sjølvsagt eit par sykkelsko. So no ventar vi å sjå Rita på vegen neste år.

Trollrittet var i år et prøvearrangement og tilbakemeldinger tyder på at vi skal prøve å få til dette som et årviss arrangement. Dette vil vi jobbe med utover vinteren.

Årsfesten vart ein hyggelig samling med kun eliten til stede ;) Då snakkar vi om eliten i buffé spising. Her stakk Geir K av med ein klar siger.

Då gjenstår det berre å ønske alle medlemmer lykke til med vintertrening og oppladning til neste års sesong!




0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline