Lille Jotunheimen 2007

Postet av Flora Cykleklubb den 11. Jul 2007

Véret, den storslagne naturen og kameratskapet var ei god ramme rundt ”
Lille Jotunheimen”. Det 137 km lange sykkelrittet startar på Lom, går
opp til 1440 meter høgd på Sognefjellet før det stupar nedover til
Skjolden og ut fjorden til Sogndal.

Det virka som dei fleste frå Florø var godt nøgde med sin eigen innsats. Når ein les resultatlista legg ein merke til at debutanten Eivind Senneseth, som med minimalt med tid på sykkel frå før, oppnådde den sterke tida 4:26:24. Det holdt til delt 5.plass i klassen 40-49 år og delt 19.plass totalt. Her ligg det nok god grunntrening bak. Geir Dysvik persa med ca. 50 minutt og sa seg godt nøgd med tida 6:03:33. Også Rune Horgen pressa ned tida si i år (4:43:57), men var kanskje mest nøgd med at neste generasjon fullførte med stil. Marius var ved målgang ikkje heilt sikker på om det blir fleire turar over fjellet, men etter å ha fått i seg mat og drikke var smilet på plass. Han rakk også å sjarmere ungjentene i målområdet, så då var det vel verdt turen? Terje Standal og underteikna holdt fylgje store delar av turen og fekk tida 4:46:34, medan 17 åringen Erlend Sunde var med til han var uheldig og mista siste drikkeflaska då vi kom ned til Fortun. Dette førte til at han mista kontakt med feltet og tapte litt tid ut til Sogndal. Tida blei likevel så god som 5:08:56.

Dagens beste historie stod nok Rolf H Pedersen for. Under ein hardt tiltrengt kvil i grøftekanten spratt det fram ein god sameritan og fora Rolf med ei handfull vitamin og Omega 3 tablettar. Dette var nok inspirasjon til å fullføre turen ut fjorden 17 sekund under 6 timer.


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline