Vintertrening på Barneskulen, fredagar 1800-1930

Postet av Flora Cykleklubb den 9. Nov 2006

Då er vi i gang med innetrening i gymsalen på Barneskulen. Trenar er Rune Horgen. Det er lagt opp til sirkeltrening samt ergometersykkel. Vi fekk ein pangstart fra første trening med ca 25 treningsvillige unge og gamle syklister.

 

 "Ei slik styrkeøkt i veka er eit kjempe suplement til anna kondisjonstrening. Ein må ha litt styrke og spenst sjølv på sykkelsetet" seier syklande trenar Rune Horgen.

Det er lagt opp til at denne treninga skal gå fast kl 1800-1930 på fredagar. Ein må melde seg inn i FloraCK for å være med, men du er hjarteleg velkomen til ein prøvetime eller to. Sjå på denne sida for inmeldings informasjon.

Treninga vert lagt opp med styrke og spensttrening i ei sirkel-løype. Høg intensitet og effektiv trening. Klubben har og kjøpt inn ergometersyklar slik at ein kan dele gjengen i to grupper. Avslutningsvis vert det ei økt med ballspill.

 

 

 

 

PS for vaksne: Treninga passar like godt for aldrande mosjonistar som spreke ungdommer. På første treninga var vi omlag 40% vaksne, og ein treng ikkje være syklist for å være med.

 

 


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline