Jølster Rundt 2006

Postet av Flora Cykleklubb den 22. Mai 2006

Årets utgave gjekk vart også i år litt prega av det hustrete kalde og våte været, sjølv om sola stakk fram i målområdet. Men litt regn stopper som kjent ikkje Vestlandssyklister.

 Vi var 14 stk fra FloraCK som stilte til start og var dermed klubben med nest størst deltaking. (FørdeCK hadde naturligvis flest på startstreken.)

Ein debutant og ein "veteran" var dessuten med og prega tetfeltet gjennom heile løpet.

Før start vart strategien lagt. Dei raskaste skulle "gå for gull", mens ein del av oss andre organiserte oss i gruppe rett og slett for å trene på lagkjøring men også for å støtte Lise og debutanten Erlend til ei god tid og forhåpentligvis bra plasseringer.

Både Mikael og Dagmund var med i tetgruppa heile veien. Dei var med på fleire mindre brudd, og jobba mykje i front av feltet. Mikael prøvde å rykke aleine ein kilometer fra mål, men vart innkjørt av feltet. (det var rikelig med motvind) Feltet kom såleis samla til mål og grunna rittets trasé inn mot mål er det ikkje muligheter for spurtoppgjør.

Link til komplett resultatlise:

Mikael er inne i sin første sesong som syklist og dette var hans første sykkelritt. Så dette var ein debut det står respekt av.

Resten av FloraCK kjørde samla for å lose Erlend gjennom til ei brukbar tid. Vi kjørde kjede og låg an til ei tid i overkant av 2.30 halveis. Men då velta dessverre junioren vår. Heile gruppa stoppa opp og venta. Gjekk mykje tid før vi fekk tak i rittpersonell og ordna transport, men både gutten og sykkelen klarte seg med noen skrammer. Verre er det vel kanskje med stoltheten til gutten ;)

Lise tapte ein klar seier i kvinneklassen på grunna ventinga.

Vi trilla kalde inn til mål på lunkne 2.42 Været var 8-10 grader, regn og kraftig motvind på returdelen av løpet. Men fra Vassenden og ned at vart været bedre og bedre og vad målgang skein sola.

 

 

 

 

 

 

Jon Sverre var også innblanda i velt og måtte bryte tidlig i løpet. Han var innom sjukehuset for kontrol, og slapp visst fra veltet uten brudd i allefall. Meir veit eg ikkje på dette tidspunkt.

Hanne-Sofie stilte til start på lånt sykkel som var minst 2 nr for stor. Desverre måtte ho bryte, grunna punktering. Men friskt å stille opp i regnværet og håper blir med neste år.

 

Også i år vart det delt ut "den gode samaritan" pris til FloraCK. I år var det undertegnede som fekk navnet sitt på plaketten, men dette er jo sjølvsagt ein gruppe pris. Heile gjengen venta slik at vi kunne fullføre i samla tropp :)  Legger inn et bilde av den her slik at den også kan fungere som trøstepremie til Lise og Erlend.

 

 

 

 

JPK


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline