SKARSTEINSETRA OPP

Postet av Flora Cykleklubb den 30. Aug 2016

Unik motbakkekonkurranse der løpar og ryttar startar samtidig i Olden sentrum og konkurrerer om å kome først opp til Skarsteinsetra. Løypa er 4,6 km og har ei stigning på 400 høgdemeter. Underlaget er asfalt i knappe 2 km, deretter grusveg og traktorveg. Trimklasse. Konkurranseklasse frå 13 år. Mellomtid og spurtpremie. Godt premiert. Pengepremiar for løyperekord i både løp og ritt, dame og herre.

PRAKTISK INFORMASJON

Dato: 10. september 2016
4,6 km, 400 m stigning.
Påmelding:
Frist: 08.09.2016 kl 23:59
Påmelding til: Per Muri tlf 414 07 772, per.muri@enivest.net
Gje opp sykkel eller løp, klasse, fødselsår og klubb.
Påmelding trimklasse ved start.
Klassar:
Jente/Gut: 13-14 år

D/H: 15-17 år, 18-20 år, 21-29 år, 30-39 år, 40-49 år, 50-59 år, 60-69 år, 70+ Trimklasse utan tidtaking.

Start:
Olden sentrum mellom Bunnpris og Yris kafe.
Trimklasse utan tidtaking: kl 11.00 – 12.00
Sykkel/løp, J/G 13-14 år og klasse 70+ kl 12:30
Sykkel/løp, D/H 15 år og over kl 13:15
Startkontingent:
Trimklasse kr 100.
Familie trimklasse kr 250.
Konkurranseklassar J/G 13-14 år kr 100.
Konkurranseklassar 15 år og oppover kr 250.
Familie konkurranseklassar kr 350.
Etteranmelding for kr 100 i tillegg, seinast ein time før start.
NB! Lisens: Forsikringsordning som gjeld løpsklassane. Alle som ikkje har betalt heilårslisens til Norges Friidrettsforbund må betale eingongslisens i tillegg til startkontingenten. J/G 13-14 år: kr 20. Klassar 15 år og eldre: kr 30. Betalast saman med startkontingenten til Olden IL kontonummer 3770.20.32211.
Premiering:
Spurtpris kr 500 etter 1,2 km (Skarsteintunet). Gjeld for beste dame/jente, mann/gut i både sykkel og løp. Det vert ikkje delt ut spurtprisar dersom det skulle vere berre ein deltakar i klassen.
Løyperekordar kr 3.000. (Det vert ikkje delt ut prisar for løyperekordar i klasse J/G 13-14 år.)
Beste tid G/J/D/H kr 1.500.
Pokalar i kvar klasse, 1/3 premiering.
Medaljar til alle deltakarar i konkurranse og trimklasse.
Utrekkspremiar på startnummer.
Løyperekordar løp:
H: Helge Hafsås 22.40 (2012), D: Merete Helgheim 25.57 (2013), G13-14: Youri Van der Werve 26.25 (2013), J13-14: Kari Alsaker 38.04 (2014)
Løyperekordar Sykkel:
H: Erlend Eide 18.42 (2013), D: Ingrid Fjellestad 24.30 (2015), G13-14: Even Nesgård 24.38 (2013), J13-14: Ingen.



Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.